Nordhordland Turlag

Nordhordland Turlag vart starta i 1993 og omfattar kommunane Alver, Fedje, Austrheim, Masfjorden, og Modalen. Laget har pr. 31.12.2019 heile 1981 medlemmer.

Me er tilknytta Bergen og Hordaland Turlag og DNT systemet som lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Laget har søndagsturar, helgeturar, onsdagsturar, , sommar- og vinterturar, kajakkturar, DNT-tilrettelagt og ikkje minst god aktivitet i Barnas Turlag og DNT-Ung,

Me har driftsansvaret for tre hytter i Stølsheimen: Vardadalsbu, Skavlabu og Kalvedalshytta.

Me merker ruter mellom desse hyttene. Me gjer merksam på at me ikkje er ansvarleg for merking av andre ruter i området som ikkje er T-merka eller definert som DNT ruter. Frå 2019 er Børge Brundtland leiar.

Laget er registert i Einingsregisteret og Frivillighetsregisteret.

Annonse