Bessheim Fjellstue og Hytter

    Legg til huskeliste
    26
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 180 sengeplasser
    • Betjent i perioden 7. juni - 6. okt.

    Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Skisesongen varar frå fyrst i februar til 10. mai kvart år. Etter påske har vi ope langehelger og helger. Fottursesongen startar rundt 10. juni og varar til fyrst i oktober. Gjendebåten startar å frakte passasjerar for å gå Besseggen likt med at vi opnar i juni. 

    Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter, campingplass og matservering.

    Bessheim Fjellstue og Hytter gjev 5% rabatt til DNT-medlemmar på rom utan bad.

    Bessheim Fjellstue og Hytter ligg aust i Jotunheimen like ved riksveg 51 over Valdresflye. Bessheim ligg 5 km frå brygga ved Gjende.

    Bessheim har 27 rom inne på fjellstua. På alle romma er det oppreidde senger og på dei fleste av dei er det eiga bad med dusj og toalett.

    Du finn 27 hytter og leilegheiter som rundt fjellstua. Det er forskjellig storleik og standard på desse. På dei fleste av hyttene og romma er det dusj og toalett. Det er dyner og puter i hyttene og leilegheitene, så gjestane må ha med seg trekk sjølve. Eventuelt kan du leige trekk.

    Fin teltplass nede ved Øvre Sjodalsvatn.

    Kvar kveld serverer vi treretters middag. Om morgonen har vi frokostbuffé der gjestane kan smørje seg niste for å ta med på tur.

    Det løner seg alltid å bestille direkte til Bessheim. Vi har online booking. NB: I helgene sist i august og i heile september tek vi i mot bestilling berre på heile helger. Og da må du sende ein e-post i staden for å bruke webbookingen. Vi har ledige både hytter og rom i dei populære hausthelgene enda!

    Beste helsing Kari og Bjørn

    Fasiliteter

    • 220v
    • Kortbetaling
    • Tørkerom
    • Peis
    • Fiske
    • Servering
    • Strømovn
    • Mobildekning

    Passer for

    • Barnevennlig
    • Barnevogn
    Annonse
    Jotunheimen

    Adkomst mulig med

    • Kollektivtransport
    • Bil hele året
    • Sykkel

    Adkomst sommer

    Veg frå Valdres via Beitostølen og Valdresflye og frå Vågå og Sjoa i Gudbrandsdalen (E6). Bussrute frå Vågå/Otta og Fagernes/Oslo. Valdresekspressen går fleire gonger om dagen gjennom sommar- og haustsesongen.

    Adkomst vinter

    I vintersesongen kjører du E6 via Lillehammer og Vinstra. På Sjoa svingar du til venstre og kjører opp Heidal til Randsverk. Frå Randsverk følgjer du fylkesveg 51 innover Sjodalen til Bessheim. Vi har veg frå nord heile året. 

    Fylkesveg 51 over Valdresflya blir ikkje brøytt frå Bessheim og over til Beitostølen frå desember til april kvart år. Sjekk vegvesen.no.

    SjekkUT | Bessheim Fjellstue og Hytter

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    26

    SjekkUT-besøk