Adlesi - som på dialekt tyder at hytta er "alle si" ligger på Loddo. Eit populært turområde i Austevoll. Hit er du hjarteleg velkomen på tur!
Dronevideo Adlesi
Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Det er fint å ete matpakka og ta ein pust i bakken ved dagsturhytta. Det er ikkje lov å overnatte. Forlat hytta slik du sjølv ønskjer å finne den, ren og pen. Ta med deg søppel, flasker osv. heim.
Ta kontakt med Austevoll kommune ved spørsmål og tilbakemelding på hytta.
Turbeskrivelse til hytta:
Løypa startar ved parkeringsplassen i Åno, kor du fylgjer grusvegen 1 km til løypa delar seg i tre.
Raud løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen. Etter om lag 500 m fortsett du på bratt skogssti. 200 m frå toppen på Loddo tar du til venstre og går 100 m inn til dagsturhytta.
Orange løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen om lag 200 m før du tar til venstre i bakken. Følg skogsstien fram til tretrappene mot toppen. 150 frå toppen tar du til høgre ned raud løype der du finn dagsturhytta på høgre side av stien.
Kvit løype: ta til høgre i krysset og følg kvit løype til Loddo. Frå toppen går du ned raud løype om lag 200 m og tar inn til høgre der hytta ligg.Avstandar
Frå parkeringsplassen er det 2,3 km til hytta, og det tek ca 30 min å gå. Turen er ikkje tilrettelagt for barnevogn/rullestol.
Turforslag:
Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunene sjølve.
Frå Bergen til Krokeide. Ferge til Hufthamar. Følg fv 546 til rundkøyring og tar til høgre inn på fv 5144. Følg denne i om lag 6-7 min til du ser skilt mot høgre inn på parkeringsplassen i Åno. Åno er utgangspunktet for turnettverket på Loddo, og for å komma seg til dagsturhytta. Dersom ein ynskjer ein lengre tur kan ein også starte ved turløypa frå Vinnesvatnet, opp til Veten og vidare via Vardfjellet før ein kjem til Loddo.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk