Oksen frå Stokksel

Legg til huskeliste
Annonse

OKSEN

Høgdemeter over havet: omlag 1241 m

Lengde: ca 9,5 km ein veg.

Tid: 4 - 5 timer ein veg.

Gradering: Raud løype. Dette er ein lang og tung tur! Den lengste av alle rutene til Oksen.

Vegskildring: Turen går frå Stokksel: Køyr kommunal veg frå Kjerland mot Tveito i ca. 2 km. Følg deretter Stokkselvegen til parkeringsplass før bru (1, 5 km). Bomveg 50 kr. (Vipps). Før brua vil det komme infoskilt om løypene til Oksen og Ingebjørgnuten.

Frå Stokksel går du over brua og fylgjer raud merking mot høgre. Stien går bratt oppover i skogen til du kjem til Nonfjellhytta. Dette er det brattaste partiet på heile turen. Etter Nonfjellhytta går du vidare oppover fjellet til du kjem til nokre store, høge vardar med stolpepinne på. Rett framfor deg kan du fint sjå Ingebjørgnuten i himmelsynet. Det er merka sti til Ingebjørgnuten frå høg stolpepinne nr 2.

Stien til Oksen går i nokolunde flatt terreng utover og du går forbi fleire fine vatn. Stien jobbar seg slakt oppover og det er eit godt stykke å gå over til Refjell. Ca 6 km frå Stoksel. Du vil etter kvart oppleve å sjå begge fjordane, både Sørfjorden og Hardangerfjorden når du nærmar deg nedstigninga. Du vil og sjå ned mot Djønno etter kvart. Dette partiet er særdeles vakkert og utsikta er heilt framifrå. Ved enden av Refjell skal du gå nedover nokre dalføre før du kjem heilt ned til kryssingspunktet med stien frå Ingebjørgnuten. Vidare kjem du ned til krysset med løypa frå Røynstrand. Det er bratt ned her. No kan du sjå «Larsbu» og Oksatjørnet. Rett før Oksatjørnet kjem løypa frå Djønno og innpå frå aust. Du går ned til vatnet og går på venstre sida av dette og over haugen før du kjem til enden av vatnet. Der ligg dei store vassslangane ( dei går ned Kvelpadalen til Oksabotnstølen og Djønno), Her møter du stien frå Selstad. Det er ein fin, varda og merka sti frå Oksatjørnet og heilt opp til toppen/ varden på Oksen.

Turkassa heng på Varden og turboka ligg oppi. Du kan og gå heilt fram til Veten, den gamle hovudvarden for Indre Hardanger

Turtips 1: Gå raudmerka løype ned mot Hamre. Då kan du gå via Seljenuten som har ei fantastisk utsikt ut fjorden.

Turtips 2: Gå raudmerka løype ned til Granvin via Bjørndalen Då kjem du ned i byggjefeltet på Røynstrand i Granvin. Kjempeflott tur !

Turtips 3: Gå raudmerka løype ned Fremsdalsbotn og ned til Selstad. Då kjem du ned på Hamrevegen, og det er omlag 3 km inn til Granvin på grusveg. Ein veldig flott tur!

Turtips 4: Gå raudmerka løype ned til Djønno. Då går du via Oksatjørnet og ned Gadlsbrekko før du kjem ned i skogsvegen på Djønno. Ein fantastisk fin tur!

Turtips 5: Gå til Ingebjørgnuten frå Oksen 1210 moh, raudmerka sti og nedtil stokksel eller Djønno.

Turtips 6: Gå raudmerka løype ned til Tjoflotstølen/Vindhovden og vidare ned til Tjoflot. Ein veldig flott tur !

(Sjå eigne turskildringar for desse turane påwww.granvinturlag.no) GOD TUR! Granvin Turlag

Adkomst med egen bil

Vegskildring: Turen går frå Stokksel: Køyr kommunal veg frå Kjerland mot Tveito i ca. 2 km. Følg deretter Stokkselvegen til parkeringsplass før bru (1, 5 km). Bomveg 50 kr. (Vipps). Før brua vil det komme infoskilt om løypene til Oksen og Ingebjørgnuten.
Annonse