Vetvika - et naturhardt paradis

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 15,9 km
  • 8 t
  • Rundtur
  • 1112 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Alt for få i Sogn og Fjordane kjenner ei av dei vestlegaste naturperlene våre, Vetvika i Bremanger. Du kan komme dit sjøvegen, helst på ein fin sommardag, men det er for lettvint. Den store naturopplevinga får du ved å gå turen frå Svarstad på Bremangerlandet og over fjellet. Heile vegen både fram og attende, er godt merka. Merkepinnane står med 50 til 70 meters mellomrom. Det er såleis mogeleg for ukjende å ta turen heilt på eiga hand.

RUTEBESKRIVNING:
I starten følgjer ein vegen som får opp til fjernsynssendaren på Steinfjellet. Etter ca. ein time på veg er du kommen opp på Rabben, kring 420 moh. og då er det berre å følgje merkepinnane vidare. Etter ein knapp kilometer deler stien seg og du må velje retning. Sjå på skilta. Det er då mest vanleg å ta til venstre, gå vidare over høgda nord for Karihaugen til ein kjem fram på kanten og kan sjå ned i Vetvika. På forsommaren er grasslettene i vika irrgrøne i sterk kontrast til den kvite sanden. Det er ei kraftig naturoppleving å stå oppe i lia nokre hundre meter over sanden og nyte synet. Turen ned bakkane kan vere litt krevjande, men ikkje vanskeleg for nokolunde flakkføre personar. Turen ned endar inst i vika – rett ved sanden. Du vil nok bruke 1- 2 t får stikrysset og ned i Vetvika, alt etter fysisk form.

Har ein først teke turen ned i vika, er det også verd å ta turen ut til moloen på sørsida. Då går du også forbi den særeigne kyrkjegarden som ligg innegjerda på innmarka. Ein fin sommardag er det berre idyll å vitje Vetvika. Om du ikkje set for høge krav til sjøtemperatur, har du ei sydlandsliknande badestrand å boltre deg på. Ein styggevêrsdag med regn og storm kan Vetvika vere skremmande. Storhavet står rett inn på vika. Den vesle moloen er då til lita hjelp. Men i dag fer vi berre dit på godvêrsdagar for å få den gode naturopplevinga.

Lettaste vegen heim att går om Ura. Då følgjer du merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Ved enden av vatnet tek ura til med jamn stigning til kring 450 høgdemeter. Stien held seg så slakt stigande forbi nokre sel på sørsida av Fåvatnet. Snart møter du punktet der stien til og frå vika møtest.

Vi gjer turgåarane merksam på at det er dårlege mobilforhold i heile Vetvika.

Heile rundturen tek normalt 6 - 8 t.

Adkomst med egen bil

Parkering på Svarstad. Pr. juni 2020 er det få plasser.
Annonse