Lom kommune

Midt i Ottadalen, i Oppland fylke, ligg fjellbygda Lom. Dei høgaste fjelltoppane i Noreg finn du her, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom.
Kommunesenteret Fossbergom er eit moderne bygdesenter der dei fleste har sitt arbeid i reiseliv, handel og tenesteyting. Kultur og miljø vert teke vare på og ein set si ære i å kunne tilby tradisjonsrike produkt.

Fossbergom står fram som ein tettstad med særpreg, og politikarane i Lom har heile tida lagt stor vekt på byggeskikk og lokale tradisjonar. Lom Stavkyrkje frå tolvhundretalet er ei av dei vakraste stavkyrkjene i landet. Mange tusen turistar er innom i løpet av året, men samstundes er kyrkja i bruk som hovudkyrkje.

Annonse