logo

Voss Utferdslag

Kontonummer: 3480.30.51250

Voss Utferdslag vart skipa i 1933, og tel 1390 medlemmer (okt. 2017). Laget driv 8 hytteanlegg ( 7 av hyttene er eigd av Utferdslaget) med til saman 14 bygningar, og har meir enn 400 km merka stiar og 13 bruer.

Voss Utferdslag arrangerer fellesturar mest heile året i Vossefjella, nabofjella til Voss og av og til i andre fjernare fjellområde. Borna sitt Turlag vart skipa i 1999.

Det er stor dugnadsånd i laget, og mest alt som vert gjort av arbeid for å halda ved like det laget driv med, vert gjort på dugnad. Som medlem i Den norske turistforening (DNT) er du automatisk medlem i Voss Utferdslag.

Voss Utferdslag ynskjer deg velkomen til å vera med på turane våre og å vitja hyttene våre!

Annonse