Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening / Bergen og Hordaland Turlag. Vi samlar turforslag for heile Kvinnherad som er aktuelle og oppdaterte. Her finn du mykje inspirasjon til mange turar i vårt område.
På UT har vi lagt ut opplysningar om turforslag og turmål i kommunen vår, desse finn du på linkane nedanfor:
Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998, og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski og til fots. I Kvinnherad har vi ein unik natur som vert nytta av mange turgåarar og som kan gje utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.
Kvinnherad Turlag sitt organisasjonsnr. 993770892.