Indre Nordfjord Turlag

Indre Nordfjord Turlag (INT) er lokalisert i Stryn og Hornindal, og har 590 medlemmar pr. oktober 2021. Vi er eit lokallag av Sogn og Fjordane Turlag. INT arrangerer årleg ein rekke turar, i tillegg arrangerar vi onsdagsturar i sommarmånadane. Ta kontakt med lokallaget for meir informasjon. Indre Nordfjord Turlag er DNT sitt lokallag i indre Nordfjord, og skipar til fjell- og breturar i heile distriktet. Som turleiarar har vi erfarne fjell- og breførarar som tek deltakarane trygt fram i den storslåtte og mektige fjellnaturen i området vårt. På turane våre kan du oppleve dei fantastiske kontrastane det er å gå frå grøderike dalar med fjordar, elvar og vatn, oppover grøne lier, oppleve den mektige blåisen som heng nedover fjellsidene og vandre over snødekt, skinande kvit isbre, der nakne steinmassiv av og til stig opp over breen. Ei naturoppleving det knapt finst maken til! Du kan også oppleve kulturhistoriske perler der folk i gamle dagar sleit seg helselause for å skaffe seg det daglege brød. I 2015 vart den historiske ruta mellom Vest og Aust over Kamperhamrane i Sunndalen ( Stryn Kommune) til Skjåk Kommune åpna som ei av 7 historiske ruter åpna i DNT regi dette året.

Annonse