Indre Sunnfjord Turlag er eit av 14 lokallag tilknytta DNT Sogn og Fjordane. Vi har om lag 1800 medlemmer og dekker i utstrekning heile Sunnfjord kommune i tillegg til Fjaler og Askvoll.
Vi arrangerer årleg 100 - 150 turar og aktivitetar, og har eit stort utval av fellesturar både sommar og vinter. På turane våre får du følgje med ein turleiar som tek ansvar for vegval og orientering undervegs, sikrar pausar og hyggjeleg stemning. Vi driftar dei tre hyttene Longevasshytta, Nipebu og Massbu som er eit turmål i seg sjølv. I tillegg merkar og vedlikeheld vi turstiar slik at du på eiga hand har gode føresetnader for å nå nye turmål på ein trygg måte.