logo

Sogndal Turlag

Sogndal Turlag vart stifta 1. juni 1976. Første leiar i laget var Svein Hofsplass. Første kvinnelige leiar kom på plass i 2012. Sogndal Turlag er gjennom Sogn og Fjordane Turlag tilslutta Den Norske Turistforening (DNT). Dette medfører at eit medlem av DNT som er busett i Sogndal kommune, automatisk er medlem av Sogndal Turlag og Sogn og Fjordane Turlag, med mindre ein gjev melding om noko anna. Dei som bur på Leikanger og som ønskjer å vere medlem i Sogndal Turlag, må gje melding til DNT om dette. Dersom ein er medlem av DNT, treng ein såles ikkje å betale medlemskap i Sogndal Turlag. Ikkje-medlemmer betaler kr. 50,- pr. tur.

Som medlem i Sogndal Turlag får du 15% rabatt på varer til ordinær pris hjå sportsbutikken Intersport i Sogningen storsenter.

Sogndal Turlag er registrert i Frivillegregisteret, vi kan få vår del av ”Grasrotdelen”, tenk på dette når du spelar hjå Norsk Tipping. Du finn meire informasjon om dette her.

Ove Ellingsen

Velkomen til turane våre, og hugs at det er viktig å ta vare på naturen!

Annonse