Ytre Sogn Turlag (YST) er eit lokallag i Sogn og Fjordane Turlag (SFT), som er tilslutta Den Norske Turistforening (DNT). YST dekkjer kommunane Gulen , Solund og Hyllestad.
Ytre Sogn Turlag har som føremål å arbeide for eit enkelt, aktivt, sikkert, allsidig og naturvenleg friluftsliv. Laget skal arbeide for sikring av friluftslivet sitt natur og kulturgrunnlag.