Bømlo Turlag vart formelt stifta 27. september 2011 og tatt opp som lokallag av Bergen Turlag/DNT 11. januar 2012.
Turlag har som føremål å stimulera til eit sikkert og miljøvenleg friluftsliv for alle som bur i Bømlo kommune og besøkjande i kommunen.
Dei viktigaste oppgåvene er å driva med: Fellesturar, Turleiarverksemd, Kulturarbeid, løypemerking/varding og restaurering av løyper. Vera til hjelp og rettleiing for dei som tek ut på turar.
Samarbeida med grunneigarar, lag og organisasjonar som har interesser i same området. Sikre turområder mot tekniske inngrep (for eksempel motorisert ferdsel)