Fusa Turlag

Fusa turlag vart skipa 6. februar 2013. Fusa turlag er eit lokallag av Bergen turlag. Det vil sei at alle som er medlem i Bergen turlag, eller direktemedlem i DNT – også er medlem i Fusa turlag. Det nystarta Fusa turlag har difor om lag 180 medlemmer. Det gjer Fusa turlag til eit av dei største laga i Fusa.

Fylgjande er valt til det fyrste styre i Fusa turlag;

Liv Kolle Holmefjord, Janne Morlandstø, Tor Johannes Hjernes, Melinda Hjelm Hatletveit og Terje Raunsgard.

Styret ynskjer god kontakt med medlemmene i laget, både for å informera om aktivitetar og å få tilbakemelding. Me vil difor oppmoda alle DNT-medlemmer i Fusa om å senda epostadressa si til terje.raunsgard@gmail.com . Då vil de få oppdatert informasjon om kva som skjer. De kan også fylgja Fusa turlag på Facebook og på Fusa turlag sine sider på Bergen Turlag si heimeside.

Men aller helst ynskjer me at fusingane fylgjer oss på tur rundt om i fusanaturen.

Annonse