Visit Nordfjord

Nordfjord er eit vandremekka, med over 200 merka turløyper, gode kart og variert natur. Bli med på brevandring på eine armen frå Jostedalsbreen, Bødalsbreen, eller stå på ski på det legendariske sommarskisenteret, Stryn Sommarski. I frå inst i fjorden er det kort veg til Stad, der du kan prøve surfebrettet og vandre i det spesielle kystlandskapet. Fjorden, havet, glitrande innsjøar og elvar gjer Nordfjord til ein perfekt arena for dykking, bading, båtturar, kano- og kajakkpadling. For den action søkande kan også elve-rafting vere tingen, med brusande vatn rundt på alle kantar. Du kan også oppdage Nordfjord frå hesteryggen, i fjordhesten sitt eige rike. Nordfjord er også eit eldorado for fiske, både i ferskvatn, lakseelvane, fjorden og havet.

Annonse