logo

Skjåk Almenning

Skjåk Almenning ligg lengst vest i Oppland fylke, der austland møter vestland, i grensestroka mot Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Naturen er vakker og variert, med slake flyer i aust, og kvasse tindar og brear i vest. Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet, og somrane er vanlegvis tørre og varme - medan områda vestover er snøsikre vinterstid.

Almenninga dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune.

Det aller meste er høgfjellsområde. Arealet fordeler seg prosentvis om lag slik:

  • Fjell og vidde: 83%
  • Brear: 6%
  • Vatn og vassdrag: 5 %
  • Skog:. 6%, av dette 93 000 dekar produktiv skog (furu).

Lågaste punktet, litt vest for Nordberg kyrkje, er 420 m.o.h., høgste fjelltoppen er Nørdre Hestbrepiggen på 2172 m.o.h.

I Skjåk har vi to store verneområde, Reinheimen Nasjonalpark i nord, og Breheimen nasjonalpark i sør. I tillegg har vi to større naturreservat, Hondsrøve og Einstullie, som er oppretta for å ta vare på gamal urskogprega furuskog med spesielle artar knytt til dette økosystemet. Området vårt har tydelegvis vore forvalta godt, med høg verneverdi - sidan nær 80 % av arealet til Skjåk Almenning har fått vernestatus. Enten som landskapsvernområde, nasjonalpark eller naturreservat. Dette gje enkelte avgrensingar i bruk av området, men kan også skape moglegheiter innanfor næringsutvikling.