logo

IL Harding

IL Harding


IL Harding (tidlegare UTIL og KIL) er eit fleiridrettslag som driv eit allsidig aktivitetstilbod på Lofthus og i Kinsarvik i Ullensvang herad for folk i alle aldrar. Røtene til laget går attende til 1919. Lofthus er ei bygd med vakker natur – fjord og fjell – som Harding brukar aktivt i sitt tilbod til bygdefolket.

IL Harding driv med fleire aktivitetar som fotball, sykkel, friidrett og trim/ friluftsliv. Trimtilbod er mellom anna idrettskule for 1 - 7. klasse, Småbornstrim (barnehageborn), Gubbatrim og dametrim (styrketrening i sal). Laget administrerar ljosløypa på Lofthus med skiløype på vinteren og terrengløpe resten av året. Laget lagar i tillegg til skøytebane der Harding har ei varmebu med gratis lån av hjelm og skøyter. I ljosløypa arrangerer laget årleg ski og løpskarusell, samt på gpkartbanen i Kinsarvik. Harding har ei eige friluftsgruppe og som eit trimtilbod for alle, arrangerer Harding to årlege trimprogram i nærmijøet (Munketrimmen og Sylfesten). Dette er fjellturar og andre turar med bok og postkasse.

Styret i IL Harding, 2016 er:

Ivar Tveito Eidnes leiar
Britt-Elin Lutro nestleiar
Aina Nilsen skrivar
Irene Instanes kasserar
Marie-Elise Lindskog styremedlem
Rnut Raunsgard styremedlem

Kontaktinfo.

Epost: post@ilharding.no

Facebook: https://www.facebook.com/ullensvangturnogidrettslag

Telefon: 988 18 456

Munketrimmen:

Harding starta i 2015 sitt nye trimprosjekt, ”Munketrimmen ”, og held fram med suksessen også I år. Trimmen består som tidlegare av 10 ulike turar i nærmiljøet der målet er å få så mange som mogleg ut på tur! 2015 er friluftslivets år, og dette er laget sitt bidrag til å fremje aktivitet og friluftsliv i nærmiljøet.

Turane er lagt klare på UT.NO. Søk på søkeorda ”Munketrimmen”, ”Harding” eller namnet på kvar enkelt tur. Her finn du diverse informasjon, foto og turkart.

Fullfører du nok antall turar (6 av 10 turar, under 12 år, 8 av 10 turar over 12 år) får du eit krus i premie, samt vera med i trekninga av eit reisegåvekort. Det blir nye motiv på kruset kvart år, så dette kan bli eit samleobjekt! Det vert samstundes trekt fleire flotte premiar frå lokale sponsorar.

Det er lagt opp til at kvar tur skal gjennomførast som ein eigen tur, det skal ikkje klyppast fleire klypp på same turen. Då vert opplevingane endå flottare og fleire! Me håpar dette kan vera noko for familiar og andre som vil oppleva vår vakre natur.

God tur!