Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur i underkant av 3900 menneske her. 1300 av desse bur i kommunesenteret Sand.
I Suldal kan du oppleve det mjuke, lune fjordlandskapet som kjenneteiknar Ryfylke. Du kan vitja sjarmerande, små strandstader, reisa gjennom breie og frodige dalføre, sjå kulturhistoriske minnesmerke og djupe skogar. Damanlegga til Ulla-Førre og Blåsjø er vel verdt eit besøk. Til tross for Norges største kraftutbygging, finn du framleis store urørte fjellområde. Suldal byr på eit mangfald av opplevingar både når det gjeld natur, kultur og aktivitetar.
Næringslivet er allsidig. Landbruket er basisnæring og gir grunnlag for busetjing i alle delar av kommunen. Husdyrhald og mjølkeproduksjon er ryggraden i denne næringa. Bygdeturisme og småkraftverk er på full fart inn som tilleggsnæringar. Transport, bergverk, fiskeoppdrett, trevareindustri, handel og service er andre store næringar.
Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod til folk i alle aldersgrupper. Det er barnehagetilbod til alle, og prisane er framleis mellom dei aller lågaste i landet. Skulemønsteret er desentralisert.
Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.
Alt dette og meir til vil vi gjerne vise deg gjennom denne nettstaden. Anten du kjem hit som turist på ferie eller du ønskjer å nytte deg av dei kommunale tilboda, trur vi du kan finne noko av interesse her. Klikk på knappane i menyane og sjå deg rundt, og gi oss gjerne ei tilbakemelding på kva du tykkjer som nettstaden.