Valdres Natur- og Kulturpark er eit utvida utviklingssamarbeid eigd av dei seks valdreskommunane Sør-Aurdal, Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang.
Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar.