Kvam herad

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen, eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden.Hardanger har vore eit viktig europeisk reisemål heilt sidan 1800-talet. Området er kjent for sin fantastiske natur og for eit levande kulturliv, og er perfekt både for dei som ynskjer ein aktiv ferie, og for dei som har lyst å slappe av. Den 179 kilometer lange Hardangerfjorden er den tredje lengste fjorden i verda.

Annonse