Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spennande off-piste område. Med Voss Gondol kjem du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt!
Variert terreng og løyper for alle:
I Voss Resort finn du 11 heisar og 24 løyper av ulik vanskegrad; frå enklare bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste. Her finn du mellom anna ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype. Skisenteret har 40 km preparerte løyper, ein terrengpark, skicrossløype, 3 barneområder, preparerte langrennsløyper og 4 varmestover med serveringstilbod. I anlegget finn du og skiskule, skiutleige og afterski.
Voss Resort ligg nært tilknytt Voss sentrum og det er lett å kome seg opp til skianlegget. Du kan no reisa grønt for å koma deg til fjells, med tog og gondol! Når skianlegget er ope tek du gondolen til topps frå togstasjonen, uansett kva dag det er. Gondolen har 8 kabiner med rom til 34 personar i kvar kabin, og går kontinuerleg. Gondolen har god plass! Alle skikorta til Voss Resort (med unntak av toppturkort og enkelttur-skikort) inkluderar gondolbillett