Storfjordens Venner

Storfjordens Venner vart stifta 12. juli i 1975, og arbeider for å verna om kulturminne og levande tradisjon. Interesseområdet for foreininga er dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre med fjordarmane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden. På fråflytte fjord- og fjellgardar ved Storfjorden gjenreiser og restaurerer Storfjordens Venner bygningar finansiert ved eigne midlar, dugnad, offentlege og private tilskot. Mange eigarar får tilskot til restaurering og transport. Storfjordens Venner har og delteke i rydding og vedlikehald av råser, stell av kulturlandskap m.m.

Annonse