logo

Voss Utferdslag

Kontonummer: 3480.30.51250

Voss Utferdslag vart skipa i 1933, og tel 1390 medlemmer (okt. 2017). Laget driv 7 hytteanlegg (Seks av hyttene er eigd av Utferdslaget) med til saman 13 bygningar, og har meir enn 400 km merka stiar og 13 bruer.

Voss Utferdslag arrangerer fellesturar mest heile året i Vossefjella, nabofjella til Voss og av og til i andre fjernare fjellområde. Borna sitt Turlag vart skipa i 1999.

Det er stor dugnadsånd i laget, og mest alt som vert gjort av arbeid for å halda ved like det laget driv med, vert gjort på dugnad. Som medlem i Den norske turistforening (DNT) er du automatisk medlem i Voss Utferdslag.

Voss Utferdslag ynskjer deg velkomen til å vera med på turane våre og å vitja hyttene våre!