Olav Nygards bu - dagsturhytta i Modalen

    Legg til huskeliste
    29
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    Olav Nygard bu - dagsturhytta til Modalen kommune ligg ved Steinavatnet 500 moh. Dagsturhytta har fått namn etter den lokale diktaren Olav Nygard frå Modalen. På hytta er det eit lite bibliotek med barnebøker og lokal litteratur. Her kan du bli betre kjent med ein stor lokal lyrikar frå mellomkrigstida.

    Olav Nygard - No reiser kvelden seg 

    Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim.

    Modalen kommune er eigar av dagsturhytta. Har du tilbakemelding eller spørsmål, ta kontakt med Modalen kommune.

    Turstiar til hytta:

    Ruta inn til dagsturhytta går på god sti langs Steinavatnet. Parkeringsplass på sørsida av Steinavatnet. Det er sti rundt heile vatnet, så turen kan med fordel gjerast som ein rundtur. I området er det mange merka/skilta turmål. 

    Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og den einskilde kommune.

    Fasiliteter

    • Vedovn

    Passer for

    • Barnevennlig
    Annonse
    Stølsheimen, Bergsdalen og Vossafjelli

    Adkomst sommer

    Frå Bergen, E39 nordover til Romarheim. Vidare til Mo og Modalen til Øvre Helland. Veg opp til høgre, skilta Nygård. Ved kryss, ta av mot venstre Steinavatnet, Kvanndalen. 

    Adkomst vinter

    SjekkUT | Olav Nygards bu - dagsturhytta i Modalen

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    29

    SjekkUT-besøk