Brakabu - dagsturhytta i Osterøy kommune

    Legg til huskeliste
    240
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Brakabu - dagsturhytta til Osterøy kommune ligg flott til ved Erstadfjellet 438 moh. Hytta ligg på vestsida av Osterøy med naturleg tilkomst frå Valestrand, Brakvatne eller Votlo. God tur!

    Dronefilm av området der hytta er plassert - Osterøy kommune. Hytta er satt opp, men det er ikkje filma på nytt.

    Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim. Det er ikkje tilgang på vatn. Det må du sjølv ta med deg.

    Osterøy kommune er eigar av dagsturhytta. Har du tilbakemelding eller spørsmål, ta kontakt med Osterøy kommune.

    Turstiar til hytta:

    Frå Valestrand - ta Reigstadvegen til høgre opp frå sentrum. Vidare merka sti over Reigstadåsen til Erstadfjellet og dagsturhytta. 

    Frå Brakvatnet - vei opp til Brakvatne, vidare til Erstad. Sti frå Erstad søraust til dagsturhytta. 

    Frå Votlo - veg til Askeland, sti på høgre side opp til dagsturhytta. 

    Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og den einskilde kommune.

    Fasiliteter

    • Vedovn

    Passer for

    • Barnevennlig
    Annonse

    Adkomst sommer

    Frå Bergen, E39 nordover til Breistein. Ferge til Valestrand. 

    Parkering i sentrum. Sti mot Reigstadåsen - Erstadfjellet til dagsturhytta. 

    Alternativ parkering ved Brakvatnet. 

    SjekkUT | Brakabu - dagsturhytta i Osterøy kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    240

    SjekkUT-besøk

    recommended