Utsletteslottet - dagsturhytta i Stord kommune

    Legg til huskeliste
    256
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta i Stord har fått namnet Utsletteslottet og ligg ved Utslettefjellet (252 m.o.h) i bydel Sagvåg. Frå toppen er det nydeleg utsikt i alle retningar.

    Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim. Det er ikkje tilgang på vatn. Det må du sjølv ta med deg.

    Sagvåg Bygdalag står for tilsy n på hytta. Eigar av hytta er Stord kommune. Ta kontakt med Stord kommune om du har ei tilbakemelding . 

    Turveg til hytta: 

    Parkering på stor parkeringsplass på oppsida av Nysæter idrettsplass. Her er det skilta til dagsturhytta. Stien startar rett ved huset på parkeringsplassen. 

    Stien går bratt opp eit skår med delvis stein og jordbotn. Turen er på ca 200 høgdemeter fordelt på 1100 meter, så ganske bratt, spesielt i starten. Godt å snu seg å nyta utsikta og ta ein pust i bakken. Etter kring 400 meter med stigning held ein høgre der det flatar ut og stien går over eit myrområde. Føl stien her i kring 600 meter før ein tek til venstre opp moderat stigning dei siste 300 metrane til hytta. Brukt godt fottøy, spesielt når det er vått..

    Det er kring 1100 meter å gå, men sidan her er god stigning vil ein bruka 35 min i vanleg tempo, 50 med god tid.

    Alternativ rute til dagsturhytta er direkte frå Fitjarvegen ca. nr,. 200. Mogleg parkering og merka rute opp til Utslettefjellet. 

    Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og den einskilde kommune.

    Fasiliteter

    • Vedovn

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Frå Bergen, E39 sørover til Halhjem, ferge til Sandvikvåg. Vidare over Stord. Ta av ved Heiane og køyr Sagvågvegen ca 3,3 km. Ta til venstre i rundkøyringa ved Rema 1000 og inn på Fitjarvegen. Etter 500 meter ta til høgre (skilta mot dagsturhytta). Køyr 800 meter på Utslettevegen og du er framme ved skilta parkeringsplass på oppsida av kunstgressbana. 

    Adkomst vinter

    SjekkUT | Utsletteslottet - dagsturhytta i Stord kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    256

    SjekkUT-besøk

    recommended