Borgabuo - dagsturhytta ved Os, Bjørnafjorden kommune

    Legg til huskeliste
    1153
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Borgabuo - dagsturhytta ved Os i Bjørnafjorden kommune ligg flott til på toppen av Borgafjellet. Nydeleg utsikt over Bjørnafjorden og områda rundt Os. Det er mange startpunkt og turstiar opp til hytta. God tur!

    Dronefilm av Borgabuo 

    Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim. Det er ikkje tilgang på vatn. Det må du sjølv ta med deg.

    Bjørnafjorden kommune er eigar av dagstur hytta og Os Turlag har tilsyn. Har du tilbakemelding eller spørsmål, ta kontakt med Bjørnafjorden kommune.

    Turvegar til hytta:

    Du kan nå hytta frå ulike startpunkt.

    Frå Hjelle er det godt skilta/merka sti frå Hjellevegen. Stien er noko bratt og blaut fleire stadar. Støvlar/fjellsko er å anbefale. Du gå samme veg opp og ned, eller velgje ein rundtur. Også mogleg å gå lengre sløyfer om ein ønskjer. 

    Frå Tøsdal kan du få ein rundtur via Borgabuo og Hjelle. 

    Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga /Sparebanken Sogn og Fjordane og den einskilde kommune.

    Fasiliteter

    • Vedovn

    Passer for

    • Barnevennlig
    Annonse

    Adkomst sommer

    Det er ikkje tilgjengeleg parkeringsplass ved stistart for turgåarar opp til dagsturhytta /Borgafjell. Parkering er ved Borgafjell barnehage eller den nye Borgafjell skule, ca. 300 meter unna. Det går òg fint å parkere bilen i Os sentrum, krysse Oselva og gå opp Borgavegen til foten av Borgafjellet.

    Adkomst med kollektivtransport

    Sjå Skyss ruteplanleggar. 

    SjekkUT | Borgabuo - dagsturhytta ved Os, Bjørnafjorden kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    1153

    SjekkUT-besøk

    recommended