Dagsturhytta Kvilekroken i Kvam herad er plassert ved Mosvika, Krokavatnet. Ein tur på god sti langs røyrgata frå Solhaug tek deg til hytta. Dagsturhytta ligg i eit populært utfartsområde. Her er det mange stiar å gå om ein ynskjer ein lengre tur.
Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Her er det fint å ete matpakka og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta på ein måte du sjølv ynskjer å finne den, rein og innbydande. Ta med deg søppel, flasker osv. heim.
Eigar av hytta er Kvam herad. Kvam Turlag har tilsyn. Ta kontakt med Kvam herad ved spørsmål og tilbakemelding om sjølve hytta.
Turveg til hytta:
Frå Solhaug fylgjer du stien langs kraftgata/røyrgata. Turen går jamt oppover med enkelte bratte parti. Stien og røyrgata fører deg oppover mot Krokavatnet. Etter toppen av røyrgata går stien til høgre over ei myr og vidare over ei lita bru. Du fylgjer no stien vidare og vil ha Krokavatnet på di venstre side. Om lag 200 meter frå hytta kjem du til den gamle demninga, denne går du over og tek så til høgre for dei siste metrane bort til Kvilekroken.
Det er 2,3 km frå parkeringa på Solhaug og til hytta. Rekn ca. 45 min. kvar veg.
Frå Bergen, E16 til Trengereid. Vidare Rv49 til Norheimsund. Frå Norheimsund fylgjer du Rv.49 mot Tørvikbygd. Omtrent 1 km frå sentrum tek du til høgre mot Tveit. På Tveit er det ikkje høve for parkering, men følg bomvegen (grusveg) til Solhaug (enden på vegen). Det er skilta frå parkeringa på Solhaug og fram til dagsturhytta. Vegavgift til veglaget ( 75,-)
På store utfartsdager eller om du ikkje ynskjer å betale vegavgift kan du parkere ved Nordheimsund stadion og gå opp Sandvenlia.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk