Vetlavardhytto - dagsturhytta i Fusa

    Legg til huskeliste
    163
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta på Koldal - Fusa/Bjørnafjorden. Vetlavardhytto, ligg 326 meter over havet i utmarka på Koldal ved turstien mot Øyrane. 

    Dagsturhyttene er eit fylkeskommunalt prosjekt og har blitt til gjennom eit spleiselag med midlar frå fylkeskommunen, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, BKK, Bjørnafjorden kommune, spelemidlar og dugnad frå turlaga i kommunen.

    Vetlavardhytto er en av de to dagsturhyttene i Bjørnafjorden kommune. Begge dei to nye dagsturhyttene på Borgafjellet og Koldal er no opne for publikum.

    Parkering er ved Fjorden Arena med omlag 40 parkeringsplassar. Avstand frå parkering til hytta er omlag 1,9 km. Stien tek av frå Stallabrotvegen litt lenger oppe. Ved normalt tempo tar turen vel 40 min. Stien har middels vanskegrad. Jamn stigning gjennom kupert terreng. Stien opp til Vetlevardhytta er for ein stor del steinsett og våteste myra har fått gangbru. 

    Dei lokale turlaga har tilsyn med hyttene som er eigd av Bjørnafjorden kommune. Kommunen oppmodar publikum om å følge retningslinjer for bruk, både av sjølve hyttene og områda rundt.

    Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sitjebenkar inne og ute. Det er fint å ete matpakka og ta ein pust i bakken ved dagsturhytta. Det er ikkje lov å overnatte. Forlat hytta slik du sjølv ønskjer å finne den, ren og pen. Ta med deg søppel, flasker osv. heim.

    God tur!

    Ta kontakt med Bjørnefjorden kommune ved spørsmål og tilbakemelding på hytta. 

    Fasiliteter

    • Vedovn

    Passer for

    • Barnevennlig
    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Parkering er ved Fjorden Arena med omlag 40 parkeringsplassar. Avstand frå parkering til hytta er omlag 1,9 km. Stien tek av frå Stallabrotvegen.

    SjekkUT | Vetlavardhytto - dagsturhytta i Fusa

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    163

    SjekkUT-besøk

    recommended