Kviknes Hotel

    Legg til huskeliste
    37
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser

    På Balholm i Balestrand ved Sognefjorden strekkjer gjestgjevartradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne, som eig Kvikne's Hotel, overtok i 1877. Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag. Kvikne's Hotel vart reist i sveitserstil. Mange nybyggingar, ombyggingar og utvidingar har ikkje gått ut over særpreget til staden. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine nesten 200 rom eitt av dei største turisthotella i Noreg.

    Kvikne's Hotel er ein del av De Historiske hotel & spisesteder og tilbyr DNT-medlemmer 10% rabatt på overnatting. Merk at du må bestille overnatting her på DNTs nettsider for å få rabatt.

    Bestill overnatting


    Lista over prominente gjester på Kvikne's Hotel er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. Kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land er å finne på gjestelista. Hotellet har samla ei mengd kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

    Kapasitet: 200 rom, dei fleste med fjordutsikt. 165 rom i ny avdeling 35 rom i sveitserbygget.
    Passer for: Individuelt reisende, familiefeiringer, bedrifter, kurs/konferanser og incentives
    Badstu: Ja
    Aktivitetar/opplevingar: Fjærland og Norsk Bremuseum, Flåmsbana, Nærøyfjorden, fine turmoglegheiter i fjellet.
    Andre opplysningar: Kursavdeling, gratis robåt og fiskeutstyr, fin badeplass til hotellets gjestar.
    Åpningstid: 1. mai - 30. september. Resten av året opent på forespørsel.
    Adresse: Balholm, N-6898 Balestrand

    Fasiliteter

      Passer for

        Annonse

        Adkomst sommer

        Test

        SjekkUT | Kviknes Hotel

        Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

        Les mer om SjekkUT
        37

        SjekkUT-besøk

        recommended