Utne Hotel

    Legg til huskeliste
    76
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 54 sengeplasser

    Tenk deg å kunna feriera i eit moderat tempo, slappe av i eit unikt særprega miljø, borte frå byens stress og jag. Midt i Hardanger finns ein slik stad. Utne Hotel er eit av Norges eldste hotel med samanhengjande drift i same bygning. Utne ligg på nordenden av Folgefonnhalvøya der Hardangerfjorden kløyver seg i Granvinsfjorden, Eidfjorden og Sørfjorden.

    Utne Hotel er ein del av De Historiske hotel & spisesteder og tilbyr DNT-medlemmer 10% rabatt på overnatting. Merk at du må bestille overnatting her på DNTs nettsider for å få rabatt.

    Bestill overnatting

    Utne Hotel har sidan starten i 1722, lange tradisjonar i omtanke og godt stell for gjestene, og mange kjende har funne vegen hit. P.Chr.Asbjørnsen, Kristofer Janson, Adolph Tidemand, Ole Bull og Eilif Peterssen, for og nemne nokre få.

    Her kan du den dag i dag feriera i eit roleg tempo, slappe av i eit romantisk, unikt og særprega miljø. Borte frå stress, jag og upersonlege hotell. Sjeldan kan du oppleve ein slik ”gamle dagars” kjensle og atmosfære- det er nesten som å bu i ei historiebok. Utne Hotel må opplevast. Overalt finn du detaljar frå svundne tider. Frå eit stort utval i gamle sjeer, til suppeterrinen som har gått i arv i over 200 år.

    Utne er mellom dei eldste gardane herikring, og namnet Utne er så eldgamalt at vitskapsmenn ikkje greier tyda det. Det er gjort fornfunn heilt frå steinalderen- det forvitnelegaste er ei skipsgrav frå vikingtida. Utne ligg geografisk lagleg til som midtstad i Hardanger.

    Den store nordiske krigen var slutt i 1720. han hadde vara i ti år og kosta pengar. Statsfinansane var slik at Kong Fredrik IV selde dei norske landskyrkjene på auksjon, m.a. for å skaffa offiserane den løn dei hadde til gode. Heren vert redusert, og storparten av offiserar og underoffiserar vart oppsagde. For og yta dei litt hjelp, som ikkje kosta staten noko, fekk mange av dei løyve til å slå seg ned på bygdene som gjestgjevarar. Dei plikta då byggja gode hus, og syta for mat og drikkevarer til dei reisande som kom. Til vederlag hadde dei lov å selja øl og brennevin og visse andre varer. Eit vilkår var at gjestgjeveria ikkje skulle liggja nær kyrkjene.

    Sidan huset vart bygd i 1722 har hotellet vorte påbygd og modernisert med pietet fleire gonger. Seinast vinteren 2004/05 har hotellet gjennomgått ei total restaurering. Restaureringa er gjort i samarbeid med Riksantikvaren, for å bevare det unike og gamle ved hotellet.

    Kapasitet:
    15 rom i hovedbygg
    2 rom i Tingstova, frå 1600-talet
    9 rom i Anneks, bygg frå 1960-talet
    Totalt 26 rom og 54 senger

    Passer for: Mindre grupper og individuelle gjester. Mindre bedrifter, evt. leiargrupper i større bedrifter.
    Aktivitetar/opplevingar: Hardanger Folkemuseum, flott turterreng, kort avstand til Folgefonna Sommerskisenter og Røldal Skisenter, fiske i Hardangerfjorden.
    Andre opplysninger: Kurs-og konferanse, egen pub, terasseservering.
    Åpningstid: 1. mars - 20. desember. Stengt i påsken.

    Fasiliteter

      Passer for

        Annonse

        SjekkUT | Utne Hotel

        Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

        Les mer om SjekkUT
        76

        SjekkUT-besøk

        recommended