Hytta ligg i eit område med typisk opna kystlandskap, med utsikt mot Boknasundet og Tysvær i aust. Nedanfor hytta er det ein grunn lagune med moglegheit for bading eller annan vassaktivitet. Det er mogleg å komme til hytta sjøvegen med kajakk, kano eller liten båt via sundet ytst ved Kongshamn.
Cirka 5 kilometer tur/retur etter merka sti.
Turen går stort sett på veg/grusveg. Siste 500 meter inn til hytta er på traktorveg. Turvegen er opplyst, men om ein veljar å gå når det er mørkt må ein vere merksam på at det ikkje er lys på dei siste 500 metrane til hytta (traktorvegen).
Det er to vegval til hytta. Går ein via turvegen går turen langs eit beiteområde og lett skogsterreng. Vegen er lett kupert. Vel ein å gå via Føresvik går første kilometer av turen på vanleg veg ned til Føresvik, forbi klatreparken og inn på turvegen via byggefeltet ovanfor Føresvik. Turvegen går gjennom skog og vegen er lett kupert. Ut til hytta går ein på ein traktorveg. Frå turvegen og siste stistykke på traktorveg er det lurt å ha godt fottøy.
Dagsturhytta Rogaland er et samarbeidsprosjekt mellom alle kommunene i Rogaland, Sparebankstiftelsen SR-Bank og Rogaland fylkeskommune.
Turmålet er skiltet frå parkeringsplassane, ved Bokn kyrkje eller ved Bokn arena.
Frå Bokn kyrkje er det turveg som startar vis-a-vis parkeringsplassen, men ein kan òg gå langs vegen ned til Føresvik og deretter inn på turvegen frå byggefeltet rett ovanfor Føresvik.
Ved parkering på Bokn arena: følg vegen ned via Føresvik og deretter inn på turvegen.
Turmålet kan nåast med kollektivtransport. Kystbussen går gjennom Bokn kommune til og frå Stavanger, og næraste buss-stopp er Alvestadkroken. Følg vegen «Alvestadkroken» opp til «Føresvikvegen». I krysset Føresvikvegen og Grønnestadvegen kan ein velje om ein vil gå vidare på Føresvikvegen og starte turen ved Bokn arena eller gå opp Grønnestadvegen og starte turen ved Bokn kyrkje.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding