Øvre Skar er ein gamal husmanssplass som ligg knapt 600 m.o.h i den bratte lia på austsida av Gudbrandsdalen opp for Harpefoss i Sør-Fron kommune. Plassen ligg i kryssningspunktet i den delen av Peer Gynt stien som gå frå Gålå til Sulseter og Pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen. Denne delen av Peer Gynt stien knyter saman DNT stignettet på vestsida og austsida av Gudbrandsdalen.
Rom
Øvre Skar består i dag av to hus, eit tidlegare eldhus og eit stabbur. Eldhuset har 2 sengeplassar, vedomn og propan for koking. Stabburet har 4 sengeplassar med propan for oppvarming.
Utstyr
Det er naudsynt utstyr på hytta til å koke opp middag, vatn og servering. Du må ha med lakenpose eller sovepose og eigen mat.
Vann
Ta med drikkevann. Vann til vasking kan hentas i vannkilde nedanfor stabburet.
Hund
I underetasjen på stabburet er det vedbod og liggeplass for hund.
Naturvern
Det er bålforbud i Øvre Skar.
Bestilling
Det krev ingen førehandsbstilling i Øvre Skar.
Pris og betlaing
Dersom du brukar huset som rasteplass på dagtid, ber vi deg betale kr 50,- (pr. turfølgje)
Overnatting kostar 150 kr pr. person.
Alternativ 1: overfører du til konto nr. 2085 25 02399
Alternativ 2: vipps til 118418
HUGS!! Merk innbetalinga med “Skar”, dato for opphaldet og namn.
NB! Ikkje legg att kontantar.
Lås
Alle husa er låst med kodelås. For å få koda kan du ringe:
DNT Gudbrandsdalen v/ Helle Hovden, tlf 94 88 42 80
Pilgrimssenteret Dale-Gudbrand v/ Per G. Hagelien, tlf. 45 60 46 08.
DNT-medlem?
Historie
Frå og med 2022 er det DNT Gudbrandsdalen som administrerer bruken og vedlikehaldet av Øvre Skard. Kristen Brendhaugen, tidlegare leiar av stigruppa i DNT Gudbrandsdal, tok i 2014 initiativ til å få sett i stand dei to attståande husa i Øvre Skard til turbruk. Båe husa var i meir eller mindre forfall. Eigaren av den gamle husmannsplassen, Egil Skard, var postitiv til planane og avtale om restaurrering og bruk vart inngått.
Harpefoss turgruppe, ei uformell gruppe på 6-7 personar knytt til DNT Gudbrandsdalen og Harpefoss i.l., restaurerte i løpet av 2015 og 2016 eldhuset og stabburet i Øvre Skar. Øvre Skar er eit populært turmål og husa kan nyttast både som kvileplass på dagtid og til overnatting. Spesielt pilegrimsvandrarane har nytta husa flittig. Husa er låst med kodelås som ein kan få koden til ved å ringe telefonnmmer som er slått opp i Øvre Skard.
Undervegs i restaureringsarbeidet dukka det opp mange interessante opplysningar og historier knytt til dei 3 tidlegare husmannsplassane i Skar. Ein del av desse er samla og presentert på ei infotavle i Skar.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk