Hustadnes Fjordhytter ligg ved Hjørundfjorden på Sunnmøre i Ørsta Kommune.
Hyttene finn du på Hustadneset ved Sæbø og dei ligg idyllisk til heilt i strandkanten. Butikk, post, bensin og bank finn ein i Sæbø ca 1,5 km frå Hustadnes. Der finn ein også lakseelva Bondalselva. På fjorden kan ein fiske og nyte den fine utsikta over Sunnmørsalpane.
Hyttene varier i størrelse på 15m2 til 74m2 med plass til alt fra 4 til 8 personer.
Booking direkte fra hjemmeside
Hustadnes Fjordhytter ligg ved Sæbø i Ørsta Kommune på Sunnmøre. Som ein ser av norgeskartet ligg det på Nord- vest landet.
På neste kart er Sæbø merka av med pila og på det siste kartet ser ein Sæbø og vegen til Hustadneset.
Hyttene ligg ved Hjørundfjorden som strekker seg 35 km innover Sunnmørsalpane. Nærmaste tettstad er Ørsta 27 km frå Sæbø. Her finn du både butikkar, bank, restauranter, rutebilstasjon med ekspressbussar til Oslo, Bergen og Trondheim, samt flyplassen Ørsta/Volda Lufthamn - Hovden.
For å kome fram til oss kan ein fylgje E 39 til Ørsta og deretter fylgje skilting til Sæbø (Rv 655).
Vi vil anbefale å ta turen gjennom Norangsdalen til Hellesylt der du vil få oppleve trolske sunnmørsfjell, Hotell Union Øye, Lyngstøylvatnet og eit lite stykke Norge. Hyttene ligg sentralt til med tanke på utflukter til Ålesund, Runde, Geiranger og Trollstigen.
Reiseavstand med bil til:
Ørsta 25 min
Volda 35 min
Ørsta/Volda Lufthamn 30 min
Ålesund 2 timar
Trondheim ca 8 timar
Bergen ca 7 timar
Oslo ca 8 timar
Oslo Lufthamn Gardermoen ca 7 timar
Samme som sommer.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk