Moldahytta

Om hytta

  • Område
  • Betjeningsgrad
    Ubetjent
  • Sengeplasser
    8 sengeplasser
  • Åpningstider
    Ubetjent i perioden ukjent ()

Hytta er eigd av Svelgen Turn- og idrettsforening og er drifta av Keipen Turlag. Hytta er i god stand etter mykje utvendig renovering dei seinaste åra. Moldahytta ligg på 382 moh. rett sør for Langeneset i Svelgen. Hytta har åtte sengeplassar, opphaldsrom med vedfyring, kjøken m/gassbluss og litt dekkjety, vindfang og toalett på utsida. Brønn ca 50 m frå hytta. Der er eit fint uteområde med benkar og bord. Hytta ligg i eit lokalt turnett, på platået mellom Nordgulen, Midtgulen og fjellheimen, aust og sørover. Vindfanget er ulåst, men vil du leige hytta, kan du ta kontakt med KT v/hyttesjef Karstein Løvset.