Draumekvila - dagsturhytta i Gloppen

    Legg til huskeliste
    3782
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Hytta i Gloppen kommune ligg på Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. Det tek om lag 20-25 minutt å gå til hytta frå skiltet ved E-39. Det er 1,4 km ein veg. Det er også mogleg å gå ein rundtur i Trivselsskogen på ca. 6. km. Då går du innom Fosseteateret.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Trivselsskogen er eit sentrumsnært turområde rett ved kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune. Området består av 6 km sti med ulike turruter. Her finn du Solplatået, kjærleiksskogen der du kan henge opp hjarter eller risse i barken, Draumekvila med dagsturhytta, bededam, hundepark, Trygg i naturen (TIN-camp), og utkikkspunkta Utsiken og Fosseteateret på Holvikfossen. I Trivselsskogen er det to svært flotte sherpastiar med trapper som står som små kunstverk.

    Fasiliteter

    • Wc

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse
    Fjordane

    Adkomst sommer

    Området i Trivselsskogen er godt skilta og mange stiar går mot området. Kjøyrer du bil står det skilt til Trivselsskogen langs E-39 ved avkjørselen. Her er det parkering. Ved parkeringa er det skilta til dagsturhytta. Følg denne oppover, og les skilta etter kvart. Du skal forbi solplatået og kjærleiksskogen før du kjem til Draumekvila som ligg på om lag 200 meter.

    Dersom ein kjem med buss kan ein gå frå rutebilstasjonen i Sandane sentrum eller parkera i Sandane sentrum, må ein gå opp via byggefeltet Høgnausen. Her kryssar du under E-39. Du ser hytta opp i lia frå sentrum. Det er skilta.

    Kjem ein køyrande frå Byrkjelo, køyr forbi første avkøyring til Sandane på Kleivedammen og fortsett ca. 600 meter. Så første avkjørsel til høgre.

    Kjem ein frå Anda sida, køyr forbi første avkjørsel til Sandane. Etter ca 800 meter første avkjørsel til venstre. Skiltet Trivselsskogen er godt synleg frå E-39.

    SjekkUT | Draumekvila - dagsturhytta i Gloppen

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    3782

    SjekkUT-besøk