Me ønsker å invitera deg inn i vårt heimekoselege og varme fjellpensjonat. I gamal seterstil har me 35 sengeplassar som ventar på å bli fylt opp. Hos oss nyter gjestene eit godt måltid i matstova, med skikkeleg husmannskost. Dagen kan nytast på tur eller i peisestova, og det er lov å sovne på sofaen!
Me serverer nystekte vaflar, kaffi, brus, bringebærdrops, og mykje meir som kan friste både for store og små i kafèen vår. Det opnar kl 10 kvar dag i feriane, og er open alle helger heile året. Her er det plass både ute og inne, og stemninga er god heile dagen lang!
Skotten Seter er ei tradisjonsrik og gamal seter. Faktisk over 100 år! I følgje historiebøkene var det først ei hytte på tomta i 1914, før det på slutten av 1920-tallet blei bygga ut til eit pensjonat med 50 senger. Her blir det sagt at det var på det meste 13 naut, 50 sau og nokre grisar.
Ta av til Ringebu Stavkirke frå E6, og følg skilt oppover til Skotten Seter (ca 15 min frå kirka). Hugs å betale bompassering på youpark
Same veg som på sommaren
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk