Gyttakvia - dagsturhytte i Sunnfjord kommune

    Legg til huskeliste
    6737
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta Gyttakvia ligg på ca 250 moh ovanfor bustadområdet i Vieåsen aust i Førde, omlag på tredelen av vegen opp til utsiktsvarden på Viafjellet.Gytta er ein av fire dagsturhytter i Sunnfjord kommune.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Sjå turforslag Dagsturhytta Gyttakvia frå Vie/Rennekleiva.

    Fasiliteter

    • Wc
    • Peis

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Følg skilta sti opp til Rennekleiva. Stien går forbi husa og er bratt og gruslagt i starten. Stien går så vidare opp i skogen og følgjer ryggen oppover. Stien er godt opparbeidd med både stein, røter og mjukt underlag, men er dels bratt og det kan vere fuktig.

    Hytta ligg litt under Vetle Viefjellet. Ein kan gå vidare til Viefjellet. Der kan ein gå vidare til Soleide.

    Det går bybuss til og frå mellom sentrum og Vieåsen.

    Adkomst vinter

    Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Følg skilta sti opp til Rennekleiva. Stien går forbi husa og er bratt og gruslagt i starten. Stien går så vidare opp i skogen og følgjer ryggen oppover. Stien er godt opparbeidd med både stein, røter og mjukt underlag, men er dels bratt og det kan vere fuktig. Vinterstid kan broddar vere ein fordel.

    Hytta ligg litt under Vetle Viefjellet. Ein kan gå vidare til Viefjellet. Der kan ein gå vidare til Soleide.

    Det går bybuss til og frå mellom sentrum og Vieåsen.

    SjekkUT | Gyttakvia - dagsturhytte i Sunnfjord kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    6737

    SjekkUT-besøk

    recommended