Dagstuhytta i Høyanger kommune heiter Synkenhytta og ligg på om lag 600 moh., i enden av Bergsvatnet på Høyangerfjellet.
Hytta har 12V solcellepanel med batteripakke, og 230V inverter/omformar. Du kan såleis lade telefon og ha på lys og varme. Informasjon om lys/varme finn du i hytteboka, det er viktig at du les informasjonen som står der. I hytta finn du også nynorsk turbibliotek, kart og anna informasjon. Like ved hytta ligg ein utedo.
Inne skal ein ta av sko. Det er teppe på golvet og gode tova tøfler ein kan låne.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Les meir:
Følg skilt frå Høyanger sentrum til Siplo skisenter. Både på vinter- og sommarstid er det parkeringsplass ved Siplo. Om sommaren kan ein i tillegg parkere på «Flyplassen» ved Bergsvatn og ved sjølve hytta (få plassar).
Stien er ein køyrbar grusveg langs Bergsvatn (regulert vatn) inn til Synken der hytta ligg, lett terreng å gå i. Universell tilkomst.
Det er mogleg å bygge på turen ved å gå via Toppenhytta og følgje sti derifrå og ned til Synken. Dette er ein relativt lang tur, men ein går i fint terreng der nokre få område er bratte.
Det ligg Hasle-kanoar til utlån ved vatnet. Fin padletur frå parkeringsplass til hytta dersom fulle magasin i vatna (regulerte vatn). Utstyr som årar og vestar ligg på hytta. Gratis utlån.
Om vinteren kan ein parkere ved Siplo skisenter.
Det blir trakka skiløype om vinteren som følgjer grusvegen langs vatnet. Lett skiterreng, men litt stigning heilt i begynnelsen av turen.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk