Dagsturhytta Fløgjen er ein av to dagsturhytte i Kinn kommune. Turen er familevennleg. Hytta har utsikt til Norddalsfjorden, austover mot Eikefjord og vestover mot Florø og øyane i vest og sør. Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein time.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Turen opp til dagsturhytta startar frå parkeringspalssen ved Grov Fv 614 mot Svelgen. Ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen kan du parkere. Dersom ein kjem med buss kan ein gå av på same plass.
Følg skogsvegen, og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men den er tydeleg i terrenget. Dette er stien som fortset til Hatlesetnipa. Det er eit par mindre myrlende områder langs stien i skogen. Når du kjem over skoggrensa vert stien brattare eit stykke før det flatar noko ut. Varden på Ytste Fløgen ser du til venstre før du kjem opp til dagsturhytta.
Det er også mogleg å gå frå Hatleset, ca. 1 km aust for Grov på rv. 5. Det er opparbeida parkeringsplass på nordsida av riksvegen. Stien er merka til Hatlesetnipa. På toppen kan du skimte Fløgjen i vest og kan følge ein slak sti nedover til dagsturhytta.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk