Moakamben - dagsturhytta i Årdal

    Legg til huskeliste
    4622
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta i Årdal er plassert på Moakamben, over Ytre Moa. Hytta ligg på ca. 245 moh. Ein kan starte turen frå Moa eller frå Lykkja i Utladalen.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Les meir:

    Fasiliteter

    • Wc
    • Peis

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Med bil: Ein kan parkere på parkeringsplass ved Moa. Følg skilting til Moakamben frå parkeringsplassen på Moa. Etter ca. 200 m tek stien av opp til venstre. Stien er bratt i starten, men flatar ut etter kvart. Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta.

    Til fots eller sykkel: Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Det er ingen parkering her. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til turposten til Årdal Turlag. Pass på at du ikkje tek av på sti til høgre ned mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 0,5-1t.

    Lenger tur: Du kan parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal. Ein starta frå Rallaren-statuen i sentrum av Øvre Årdal, følge sykkelsti fram til Olmenhagen. Når sykkelstien kryssar bilvegen fylgjer du bilvegen over brua ca 150m fram til trappene til Ytre Moa og vidare oppover.

    SjekkUT | Moakamben - dagsturhytta i Årdal

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    4622

    SjekkUT-besøk

    recommended