Vinjeåsenhytta - dagsturhytta i Aurland

    Legg til huskeliste
    2946
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    Dagsturhytta i Aurland ligg på Vinjaåsen. Frå Vinjaåsen har ein utsikt ned mot Aurlandsvangen, ut over Aurlandsfjorden mot Flennes, Skjerdal og litt oppover dalen retning Aurlandsdalen og innover fjorden retning Flåm. Hytta ligg langs stien mellom Aurlandsvangen og Stegastein utsiktspunkt og Bjørgo.

    Hytta ligg på om lag 300 moh., og turen opp til dagsturhytta tek om lag ein og ein halv time frå Aurlandsvangen i moderat tempo.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Les meir:

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse
    Skarvheimen

    Adkomst sommer

    Aurlandsvangen er utgangspunktet for turen. Her er det mogleg å kome med buss. Parkering ved Aurland stadion eller i sentrum.

    Frå parkering ved skulen kan du gå vegen Bakkane til Vinjavegen og følgje denne og så finne stien derfrå. Stien er merka med raude merke, og har mellombels skilt som seier når du skal ta av frå stien mot hytta. Hytta er ca. 50 meter frå stien og er lett synleg.

    Frå parkering ved kyrkja følger du Bjørgavegen til Doktarbrekka til du kjem til Rygg. Dette er den øvste vegen i bustadområdet. Følg denne til vassverket og vidare. Ved enden skal det vere ein snuplass med skilt til dagsturhytta.

    Langs vegane frå parkeringsplassen til stien er det vere uproblematisk å gå, trille barnevogn o.l. Når stien tar til i terreng, er han ikkje eigna til anna enn gåing. Stien skal utbetrast på nokre punkt. Han har nokre bratte parti, og kan òg på eit parti vere glatt å gå når det er mykje regn. Stien går også gjennom ei grov ur som kan vere utfordrande.

    Stien opp til dagsturhytta er den same som går til Stegastein.

    SjekkUT | Vinjeåsenhytta - dagsturhytta i Aurland

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    2946

    SjekkUT-besøk