Dagsturhytta i Gulen kommune heiter Gulakvila og ligg på Løypingåsen. Dette er ein lett tur som passar for alle, både born og eldre. Hytta ligg nærme knutepunkt for mange turstiar vidare opp i høgare fjell. Det er moderat stigning, gode og tydelege turstiar som er godt vedlikehaldne og godt merka. Det er ikkje tilrettelagt for barnevogn eller rullestol.
Når du kjem til Gulakvila ser du inn mot Gulafjorden og utover i øyane som ligg mot havet. Du har godt oversyn over Eivindvik sentrum og byggjefeltet.
Hytta ligg på 149 moh. Frå kommunehuset til Gulakvila tek turen ca 30-45 minutt for ein vaksen. Vanleg turtempo.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Parkering er ved kommunehuset i Eivindvik: Eivindvikvegen 1119. Kjem du med hurtigbåt går du av på Sollibotn og tar buss til Eivindvik.
Frå kommunehuset går du i godt merka turterreng mot vassverket. Derfrå går du vidare mot merka mål Løypingåsen. Det er moderat stigning, gode og tydelege turstiar som er godt vedlikehaldne og godt merka. Når du kjem til Gulakvila, ser du inn mot Gulafjorden og utover i øyane som ligg mot havet. Du har godt oversyn over Eivindvik sentrum og byggjefeltet.
Ein kan også ta ein alternativ sti frå bustadområdet vest i Eivindvik og via vegen Øvre Stølen.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk