Sognesjøhytta - dagsturhytta i Solund

    Legg til huskeliste
    552
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta i Solund kommune heiter Sognesjøhytta og ligg sør for Hardbakke nær Hopsosen. Det er flott utsyn over Sognesjøen. Hytta ligg om lag 15 moh., og det er 3 km frå parkeringsplass til Sognesjøhytta. Går ein frå Solund senter må ein rekne om lag 1 time på turen.

    Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg der kajakkar lett ka...

    Fasiliteter

    • Strømovn
    • Wc

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse
    Fjordane

    Adkomst sommer

    Ynskjer ein å padle til Sognesjøhytta kan ein parkere ved Hardbakke hamn. Vil ein gå til dagsturhytta kan ein parkere ved Solund senter eller ved opparbeida parkeringsplass i Storehaugen byggefelt,nær Solund idrettspark.

    Frå Solund senter går du på vegen gjennom byggjefeltet Storehaugen i retning Solund idrettspark. Grusa turveg tek av i krysset ved idrettsparken. Bratt stigning opp til Kystarboretet. Vidare flatar terrenget ut, god grusa sti til enden av Kystarboretet, der grusa tursti endar. Flott utsikt sørover mot Sognesjøen og dagsturhytta. Følg turstien i terrenget vidare sørover eit lite stykke til stiskille. Ta av mot høgre i retning dagsturhytta. Stien er i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar og lynghei. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.

    SjekkUT | Sognesjøhytta - dagsturhytta i Solund

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    552

    SjekkUT-besøk