Nakkebruna - dagsturhytta i Volda kommune

    Legg til huskeliste
    476
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta i Volda kommune har fått namnet Nakkebruna og passar fint som turmål for barnefamiliar. Dagsturhytta ligg ved stien til Ytrehornsnakken, og har god utsikt mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn Hornindal. Namnet kjem av fjellhamanren Nakkebruna som ligg like nedom hytta.

    Dagsturhytta ligg berre eit steinkast frå trasèen for Hornindal Rundt løypa, og turen opp går i hovudsak i løypetrasèen.

    Hytta ligg på om lag 190 meter. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Les meir:

    Fasiliteter

    • Wc
    • Peis

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Parkering ved Hornindal skule. Alternativt ved kommunal veg, der stien startar.

    Følg vegen på sørsida av skulen, og gå over gangbrua til Ytrehorn. Gå rett fram, over fv. 726, og gjennom eit gardstun fram til kommunal veg. Følg vegen opp bakken, og ta til venstre ved merka løype. Stien vidare oppover er jamt bratt, og merka med kvite runde flekkar. Ta til venstre frå stien ved Nakkebruna, og følg ny sti merka: Dagsturhytta.

    Frå den kommunale vegen og vidare oppover er stien ikkje universelt utforma, og såleis ikkje lagd til rette forbruk av rullestol, trille eller barnevogn.

    SjekkUT | Nakkebruna - dagsturhytta i Volda kommune

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    476

    SjekkUT-besøk

    recommended