Dagsturhytta i Hyllestad kommune ligg nydeleg til ved Sørefjordsvatnet og med utsikt mot Lihesten og ut over Åfjorden. Den ligg like ved stien til Hesjetinden, men hytta og området rundt er turmål i seg sjølv. Hytta har fått namnet Sørefjordshytta etter vatnet den ligg ved. Det er om lag 1 km frå Akse, om lag 4 km frå Hyllestad og om lag 2,3 km frå Øvråshøgda.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Les meir:
Det er tre alternative ruter:
- Parkering på Akse, med om lag 25 min. gåtid til hytta. Denne er best egna for turar med barn. Kjør frå Hyllestad i retning Leirvik / Rysjedalsvika. Etter ca. 3,5 km kjem det eit kryss der ein tar av til Birkeland. Vidare køyrer ein ca. 1,5 km før ein tar av til Akse. Etter ca. 1 km er ein framme ved P-plass.
- Parkering i Hyllestad, med om lag 1 time og 15 min. gåtid til hytta. Parker ved Spar-butikken eller idrettsbana på Hyllestad. Like ved byggefeltet Myklebustfeltet går ein til toppen av Myklebustlia. Her startar stien til dagsturhytta.
- Parkering Øvreåshøgda/Mørketjønnbotn, med om lag 50 min. gåtid til hytta. Frå Hyllestad sentrum og kommunehus køyrer du ca. 11,5 km i retning mot Fjaler. På toppen av Øvråshøgda tar du til venstre to gonger. Frå hovudveg og til Mørketjønnbotnen er det ca. 1 km. Det er plass til nokre bilar i Mørketjønnbotnen, elles kan du parkere rett etter avkøyrsla på Øvråshøgda.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk