Vidsyn - dagsturhytta i Fjaler

    Legg til huskeliste
    935
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Dagsturhytta i Fjaler kommune ligg ved Bygdeheia i Ytre Fjaler og har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden. Hytta har difor fått namnet Vidsyn.

    Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider og ein går opp på mellom 30-60 minutt avhengig av form.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåa...

    Passer for

    • Skoleklasser
    Annonse
    Fjordane

    Adkomst sommer

    Det er to alternative ruter: ein kan gå frå Furset eller frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida. Det er omtrent like langt å gå frå begge sider.

    Starten på stien ligg om lag 40 minutt køyretur frå kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Frå Flekke kjøyrer ein fv. 607 mot Fure. Parkering ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule). Du tar av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg for å finne parkeringsplassen.

    Stien frå Furset har nokre blaute parti, som skal ordnast. Stien startar på skogsveg, før han går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover, før du går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus er at du etter få høgdemeter får fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

    SjekkUT | Vidsyn - dagsturhytta i Fjaler

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    935

    SjekkUT-besøk