Kletten - dagsturhytte i Kinn kommune

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    Ingen sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året

Dagsturhytta Kletten er ein av to dagsturhytter i Kinn kommune. Hytta ligg i Deknepollen og har tre ulike tilkomstar. Ein frå Blålid, ein frå Kulen (rett før måløybrua), og den som er mest brukt, er tilkomsten frå Okshola. Alle tre er familievennlege turar, men det er lettare terreng i turane frå Okshola og Blålid. Alle stiane er i kupert terreng. Turen frå Kulen er kort, men bratt. Dette er ein populær turtopp for familiar og er ein del av turane i vintertrimmen junior i regi av YNT (ytre Nordfjord Turlag).

Hytta ligg rett nedanfor toppen på fjellet, og er på ca 135 høgdemeter.

  • Avstand frå Okshola: ca. 30 minutter gange
  • Avstand frå Kulen: ca 35. minutter gange
  • Avstand frå Blålid: ca. 15 minutter gange (bratt)

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

Fasiliteter

  • Peis
  • Wc

Tilpasset for

  • Skoleklasser

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Dersom du skal gå vegen frå Okshola, er det best å parkere ved Skavøypoll barnehage/skule. Følg vegen opp til øvre okshola før stien startar. Denne turen tar ca. 30 minutter i normalt tempo.

Dersom turen startar på Kulen, er det best å parkere ved Asvo Måløy og gå langs vegen til starten på stien. Du må gå mot Ytre Kulen og så følge ein blindveg som går under og opp mot Måløybrua. Du skal no vere ved rv. 15, kryss vegen og gå langs fortauet til du ser stien som startar rett ved skiltet til brua. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca 15 minutter.

Stien frå Blålid er ikkje knytt til noko spesiell parkering, og tek ca 35 min. å gå i normalt tempo.

Annonse

Eier

Vestland fylkeskommune
Værvarsel ikke tilgjengelig