Vetehytta - dagsturhytta i Bremanger

    Legg til huskeliste
    1315
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • Ingen sengeplasser
    • Åpen hele året

    Hytta i Bremanger kommune ligg på Veten. Hytta ligg på om lag 527 moh. Turen opp tek om lag to timar i moderat tempo.

    Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
    Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

    Les meir:

    Fasiliteter

      Passer for

      • Skoleklasser
      Annonse

      Adkomst sommer

      Parkering ved Grotlesanden. Stien starter ved naustrekkja og vidare til steingard og grind til utmarka. Stien er ikkje merka, men er svært tydeleg heile vegen.

      Når du passerer grinda i steingarden starter du på den første stigninga som går jamt bratt oppover på steinsti til Grolsdalen ca 300 moh. Nesten oppe må du forbi eit litt luftig område. Etter elva flatar stien ut over ei myr på ca. 500 m. Det kan vere vått i dette området. Her starter neste stigning. Stien er her meir grus og gras. Det er jamt bratt oppover til om lag 500 moh. Igjen flatar stien ut og går over ei fin grasflate til det er om lag 500 meter igjen til toppen, då det kjem ei lita stigning før du er framme.

      SjekkUT | Vetehytta - dagsturhytta i Bremanger

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      1315

      SjekkUT-besøk

      recommended