Stordalen Fjellstove

Annonse

Om hytta

Stordalen Fjellstove gjev medlemmar i DNT rabatt på måltider og overnatting.

Stordalen er utgangspunkt for eit godt utbygt rute- og hyttenett i Stølsheimen både sommar og vinter. Her kan du gå frå hytte til hytte i fleire dagar. Det er ruter til Ortnevik, mot Vikafjellet, Mo og Dyrkolbotn. Det er berre å snøra fjellskoa, pakka sekken og leggja ut på tur.

For dei som vil oppleva mangfaldet og variasjonen i vestlandsnaturen, kan ein tur i Stølsheimen anbefalast. For dei som berre vil ha seg ein rundtur med bil kan turen over til Bjordal anbefalast etter ein stopp i Stordalen. Her kan du besøkja bl.a. Villmarksmuseet på Masnes ved Sognefjorden. Denne vegen er berre open om sommaren. Stordalen Fjellstove ligg midt i eit historisk landskap. Stridshandlingar i slutten av 2. verdskrig fann stad her. Bjørn West hadde base i Stordalen. Eit besøk på Bjørn West museet på Matre bør alle få med seg når ein først er i området. Guida tur med sykkel, båt og fjelltur "I Norske Fotspor" anbefales.

Vinterstid er det fantastiske turmuligheter, oppkjørte skiløyper og Stordalen Skisenter byr på spennende nedoverkjøring.

Stordalen Fjellstove har kapasitet til servering: 100 personar, overnatting ca. 60 personar i hytter, leiligheter og rom med dusj/wc. I hyttene og leilighetene er det også kokemogelegheiter. Fjellstova og hyttene er totaltrestaurert og ombygd i 1998/99, og utvida med større spisesal og nye moderne møterom i kjelleren 2015.

Det er rike jakt- og fiskemogelegheiter i området. Jakt- og fiskekort får du kjøpt på Fjellstova.

Ta med medlemskort, eller opplys om medlemskap når du tek kontakt. Rabatt gjeld berre enkeltpersonar og turlagsgrupper. Vert er Sissel, Kristina og Rebekka, og du treff dei døgnet rundt på tlf. 56 36 62 05. eller post@stordalenfjellstove.no

Fasiliteter

  • 220v
  • Sykkelutleie
  • Båt
  • Kortbetaling
  • Tørkerom
  • Peis
  • Servering
  • Mobildekning

Tilpasset for

  • Hund
  • Handikap
  • Skoleklasser
  • Barnevogn
  • Rullestol

Slik kommer du deg dit

Tilgjengelig med

  • Bil hele året
  • Sykkel

Adkomst sommer

Stordalen Fjellstove ligg ca. 1,5t køyring nord for Bergen. Følg E39 til Matre, og ta FV381 i 20 min eller 17km opp til Fjellstova ved Stordalsvatnet. Kan også nåes fra Sogn via E39. Om sommeren kan Fv392 over fjellet fra Bjordal ved Sognefjorden brukes. Flott rundtur..

Adkomst vinter

Stordalen Fjellstove ligg ca. 1,5t køyring nord for Bergen. Følg E39 til Matre, og ta FV381 i 20 min eller 17km opp til Fjellstova ved Stordalsvatnet.

Papirkart

Kartblad: Matre 1216-4 (2011)

Annonse